Røyk.
Det luktar brent på rommet mitt. Eg har fyra og fyra i kveld, og no sit eg er som ei heit humle. Det blei liksom brått så altfor varmt! Uff. Men det er fredag, så det får vel vera greitt. (?)
I kveld har eg gjort fint lite. For ei stund sidan tusla eg ned til butikken i gummistøvlar for å kjøpe støvsugarposar. Så klart gløymte eg heile søvsugarposekjøpeplanane og enda heller opp med å kjøpe pakketeip, vaniljeyoghurt frå Tine, Blenda vaskepulver og tyggis. Då eg kom til godterihylla, oppdaga eg at dei ikkje hadde Creamy-snopet mitt, (for tida mitt yndlingssnop altså, som eg dessverre ikkje kan namnet på,) så dermed var det ikkje anna å gjera enn å å legge beina på nakken og subbe avgarde til neste butikk for å finne creamy-snopet. På vegen vart eg svolten, så eg opna (halvliteren!) med vaniljeyoghurt og tok eit par slurkar, men den var ikkje særleg god... (Hah! Til dei som trudde eg dreiv med snikreklame då eg nemnde TINE; tru igjen! Det er nemleg Blenda eg reklamerer for. Go Blenda!) Vidare: Den stusslege jævelen i gummistøvlar som gjekk og drakk frå ein halvliters vaniljeyoghurt med ei stygg grimase gjekk altså til Brunpissen i Elgsetergate (oj sorry min dysleski: BunnPRIS). Der hadde dei heller ikkje creamy-snopet og eg vart veldig skuffa! FY! Men eg var så heldig å møte på ein velkledd herre ifrå klassa mi (-med velkledd meinar eg vinterfrakk og eit litt pent skjerf i halsen og litt småfancy sko), og han rynka bare bittelitt på nasen då han såg den stive yoghurtbarten min, topplua og dei snasne støvlane mine. Eg såg ut som ein gonk, men smilte utruleg sjarmerande og var utruleg rak i ryggen då eg gjekk ut av butikken. Verdig, Mari. Verdig.
Etter alt dette gjekk eg heim. Med ein nonstop og litt saltsid i posen, vel å merke. Noko måtte eg ha å kose meg med. Og sjølv om eg hadde vore borte ganske lenge, var det framleis fantastisk varmt på rommet mitt. Ganske morsomt, det var som om eg ikkje hadde vore borte i det heile tatt!